Kyrkjetenar inntil 20% i Stordal kyrkje

Vi har ledig inntil 20 % stilling som kyrkjetenar i Stordal kyrkje.

Vi ser etter deg som vil hjelpe oss med praktiske oppgåver ved arrangementer i Stordal kyrkje, og som ønskjer ein meiningsfull jobb i tillegg til studier eller anna arbeid. Har du anledning til å jobbe kun i helg og kveldar, så er det mogleg å justere stillingsstorleiken etter det.

Arbeidsoppgåver:

  • Vere kyrkjetenar under gudstenester, gravferd, vigslar og andre arrangement i kyrkja
  • Gjere kyrkja klar til kyrkjelege handlingar etter eigne rutiner for kyrkjetenarar
  • Vere brannvakt
  • Rydde og gjere reint i kyrkja etter behov.

Kvalifikasjonar:

  • Du må kunne arbeide sjølvstendig og samarbeide med prest og frivillige kyrkjevertar/ klokkarar.
  • Fagleg kompetanse er ikkje eit krav, men det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar som sjølvstende og samarbeid, samt å kunne møte menneske i ulike livssituasjonar.
  • Må vere medlem av Den norske kyrkje.
  • Kunne framlegge politiattest i tråd med Kyrkjelova §29

Vi tilbyr:

  • Varierte oppgåver og gode arbeidstilhøve
  • Løn etter tariff. Pensjon i Klp.
  • Opplæring

Søknadsfrist:06.12.2020

Kontaktperson

Kyrkjeverje: Petra Riste Synnes.

Telefon: 91519869

Epost: ps938@kyrkja.no

Kontaktinformasjon for Storfjorden kyrkjelege fellesråd

Ødegårdsvegen 3, 6200 Stranda

      Opningstider:

Tysdag - Torsdag
    09.00-15.00

Telefon: 40441522

Epost: post.storfjorden@kyrkja.no

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"